mandag 16. november 2015

Ein bedre verden?

Det er ikkje kjekt det som skjer rundt oss i verden nå. Egentlig er det vel alltid fæle ting som skjer når ein tar heile verden for seg.
Nå kom alt det vonde litt tettere innpå oss siden det kom et angrep i Paris. Ein by som mange av oss har vært i og mange har et nært forhold til. Og som ligg i Vest-Europa.
Nå er det mange som er forbanna for at vi ikkje reagerte når det smalt i Beirut dagen før.  Eller kvifor reagerer vi ikkje like sterkt kvar gong det smeller, eller kvar gong det skjer eit overgrep.
Eg skal ikkje komme med nokon filosofi rundt dette.
Eg skal bare poste et lite innlegg som handler om kva eg tenker om alt dette - før eg fortsetter å poste mine vanligvis meir navlebeskuende innlegg. OK - så kan dette innlegget også oppleves som litt navlebeskuende siden det fortsatt handler om meg og mine tanker og følelser...men eg skriver det likevel - sånn at eg med god samvittighet kan fortsette med mine fjasete innlegg neste gang.
Eg må jo med ein gang tilstå at eg ikkje fekk med meg at det smalt i Beirut. Ikkje før etter Paris. Ikkje før Libaneserne reagerte på at vi ikkje reagerte på at det smalt også i Beirut... For eg er ikkje flink å holde meg oppdatert.
Eg syns det er fryktelig å høyre om IS. Om korleis dei krigar, korleis dei rekruterer soldater, og ikkje minst - korleis dei behandler kvinner/jenter. Bunnlaust fortvilande.
Og så hjelpelaust som det føles. Kva kan vi gjera for desse misbrukte kvinnene og barna? Eg klarer ikkje ta det innover meg - korleis skulle eg kunne leve eit normalt liv om eg tok alt det innover meg..?
Nå som vesten på alvor har erklært krig mot IS øyner eg eit håp om at dei kan bli knust ein gang for alle, og kanskje verden blir ein litt bedre verden. Det er sånn eg tenker. Heilt sikkert naivt. Men det er eit lite halmstrå å klamre seg til i eit ellers så mørkt nyhetsbilde.
Så meiner eg vi må klamre oss til håpet om at alle skal få det godt ein gang. Og sende litt penger eller klær eller andre ting, til både flyktninger og til sultne og trengende rundtom i verden. Sjøl om vi gjør det mest for å lette vår egen samvittighet, så får vi jo tro at det faktisk også hjelper litt...
Og så får vi fortsette å vera snille med kvarandre.
Så blir det nok sikkert slutt på krig og sånt til slutt.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar