mandag 2. november 2015

Ingrid er permittert

Skal ein gjera enda eit lite forsøk på å gjennoppta bloggaktiviteten? Kanskje?
Nå er tida der for min del. Eg er blandt dei som har jobba i oljebransjen og som nå i ein(forhåpentligvis liten) periode går permittert (som du kanskje forstod av overskrifta her...), og har derfor relativt god tid.
Eg var lite taktisk og bytta jobb rett før krisa satte inn for alvor, så da sat eg der med skjegget i postkassa og minst ansiennitet, og eg var dermed ein av dei fyrste som rauk ut.
 
Mange meiner dette er ei trist tid å gå permittert på - men det stemmer aldeles ikkje. Det har iallfall i år vært uvanleg mange flotte haustdagar, og forrige uke fekk eg gått så mange og lange turer i  nydelig hausvær at eg nå kan kvile og slappe av med god samvittighet resten av året.
I tillegg har eg hatt eit par dagar på sjøen
framleis i det same nydelege hausværet. (foto: Ingrid Sundal - tatt med ein gammal Iphone4S)
På sjøen måtte eg hente opp litt fisk til middagsmat utover vinteren når det nå er NAV-pengar eg skal leva på.
Plutselig har eg og fått anleding til å følge jentungen til skulen kvar dag. Vi får ein liten halvtime med kvalitetstid medan vi går, og eg får meg enda litt meir trim, for eg må jo GÅ heim igjen og.
Og eg får muligheten å lage middag kvar dag. Dette har tidligare vært mannfolkjobb her i huset, av den enkle grunn at han har vært tidligast heima. (og han har vært desidert flikast til å lage mat...) Nå er eg snart på hans nivå!
 
Siden eg nå er permittert så går denne bloggen fra å vera ein fjaseblogg om dilldall til ein fjaseblogg om dilldall og litt om korleis eg opplever å gå permittert.
Dei fyrste 14 dagane har eg oppsummert sånn nokonlunde over her. Reine idyllen. Fryd og gammen og det som verre er. Det er nesten til å spy av, og enda har eg ikkje nevnt at eg storkoste meg med å renske vannlåser og vaske ned badet også i forrige uke...og at eg den første uka bakte så mykje at eg vurderer å kjøpe meg større fryseboks...
Neste gang eg setter meg ned med PC'en skal eg prøva å beskriva meir kva tankar og følelsar som kjem i ein slik situasjon. Så dette kan bli spanande: Ingrid legger ut om sine innerste og private tankar for fyrste gong på nett!
Håpar at de alle har ein fin dag, med eller utan jobb.
 

2 kommentarer:

  1. Du er tilbake! Det er da noe!

    SvarSlett
  2. Huff da! Håper det ordner seg kjapt, du er da ei smart dame i din beste alder og burde få jobb kjapt.

    SvarSlett