onsdag 26. oktober 2011

Arbeidserfaring og OD

Plutselig er gutane så store at dei skal ut i arbeidslivet.
Ja, nå er dei ikkje heilt ferdig med skulen ennå, men det er OD-dag i morgon, og i slutten av november er det jobbpraksis.
Illustrasjonsfoto
For OD-guten i 8.klasse, som har ein far som jobber ein plass der det er 16.års aldersgrense, og ei mor som sitter på kontor, var det litt kjedelig å måtte bli med nettopp denne mora på kontorjobben.
Illustrasjonsfoto
Men i mangel på slekt og kjente som innehar ein jobb som helikopterpilot eller liknande måtte han altså ta til takke med kontorjobb.

Illustrasjonsfoto
Eldstemann skal ha jobbpraksis i 14 dager. Han har arva mora sine fantastiske skriveegenskaper (kremtkremt...) (han er ti ganger bedre enn ho til å skrive - han har ein sterk 5'er i norsk mens eg såvidt klarte å få ein G...)
Nå har han klart å skaffe seg ein journalistjobb i ei uke, men treng jobb enda ei uke. Eg håper han skal få slippe å lide seg gjennom ei heil uke på kontor ilag med mora.
Illustrasjonsfoto
Kanskje nokre av bloggvennene mine har ein spanande jobb til han? Han kan kanskje skrive blogg-innlegg hvis du er inne i ein travel periode i livet -der blogg blir nedprioritert?! For eksempel? Eller kanskje han kan hjelpe med asfalteringsarbeid, dersom nokre av mine med-bloggarar jobbar som asfaltarbeidarar? Eller hjelpepleiar? Eller vindusvasker? Eller advokat? Eller lokomotivførar? Eller viltforvalter? Eller rørlegger? Eller forfatter? Eller revisor? Gratis arbeidskraft, folkens! Ei heil uke!
Han er ein veldig omgjengelig fyr, som er flink å snakke og flink å skrive. Og kan gjera ein jobb og, dersom han bli spurt om det. Han er ikkje sjenert, men er ein smule distre og surrete, men det er bare sjarmerende! (syns mor. ...av og til...)

6 kommentarer:

  1. Sorry, kjedelig kontorjobb her også.
    Og har du bakt knekkebrød, sier du? Steike! Det er husmora si det.

    SvarSlett
  2. Alle mine 3 gutar har vore utplassert i barnehage, og erfart såpass at dei ikkje går vidare på den vegen ;)
    Lykke til for den jobbsøkande

    SvarSlett
  3. Mine elever skal ha arbeidsuke om fire uker, og skal jobbe alle mulige steder. Hva med å sende ham på en jobbspørrerunde..? Eller kanskje han kan være journalist i Fitjarposten. :-)

    SvarSlett
  4. Hehe, det der er ei utfordring, ja! Lærarjobb og poesi på si er nok ikkje noko som trekkjer, vel? Lukke til med jobbjakta!

    SvarSlett
  5. Ha ha, du får sende han hitover, han kan være barnevakt for en toåring. Eller det er kanskje ikke det han er ute etter?

    SvarSlett
  6. Han kan ta med seg 2-årings-søstera si, og reise bort til deg, Pia, og passe TO toåringer! Det kunne blitt artig for han!
    Lise: han skal prøve seg som journalist i avisa Sunnhordland den eine uka.
    Redaktøren i Fitjarposten er læraren hans...så kanskje ein mulighet, men det er ei lita avis...og eg trur ikkje dei har fast ansatte - dei bruker jo alle slags folk til å skrive for seg; både du og han har skrevet artikler der :)
    Så det er sikkert vanskelig å ta inn ein elev på fulltid ei heil uke.

    SvarSlett