søndag 21. august 2011

Innrømmelse

Takker for strålande tilbakemeldinger på forrige innlegg!
Dagens bilde er ein illustrasjon på vår orden og ryddighet når det gjelder det meste her i livet,
også soverutiner...

Eg ser eg treng å oppklare litt når det gjeld forrige innlegg:
Historien var delvis oppdikta.
Dei pedagogisk korrekte svarene var dessverre ikkje det som kom ut av munnen min i barnehagen.
Nå var det ikkje ordrett slik som dei sensurerte svarene framstår heller! For all del! men nokså nær....

Med over 40 års livserfaring, og snart 15 års erfaring som mamma burde ein framstå som klok og erfaren. Og ha alt på stell. For eksempel når det gjeld eting og soving og sånt.
Litt bittert da å innsjå at ein foreløpig ligg dårlig an til å bli ei slik klok gammal dame som ein gjerne såg for seg at ein skulle bli.

Heldigvis fekk eg besøk i dag av ei venninne som er mykje klokare enn meg (men så er ho jo over eitt år eldre enn meg!) som minna meg på at grunnen til at vi kanskje sliter litt med rutiner for veslejenta er at vi har to andre barn å ta oss av, i ei heilt anna aldersgruppe, med heilt andre behov - og da hender det sjølvsagt at sove- og ete-rutiner til ho minste ikkje alltid blir prioritert... 
Det syns eg hørtes fornuftig ut, og det var veldig beroligande. 
Litt mindre beroligande var det at ikkje den tanken hadde slått meg før eg fekk det fortalt...
Igjen - eg må nok jobbe hardt hvis eg vil oppnå å bli ei klok gammal dame...
Ha ein fin kveld!

6 kommentarer:

  1. Altså, en kan da ikke bli en klok gammel dame når man er så ung - selvmotsigende.

    SvarSlett
  2. Syns forrige innegg var utruleg bra!! Lo godt;) Og kjenner meg (dessverre?) veldig godt igjen... Endeleg klart å venna av halvtannaåringen med amming, og tilvenna han til å sova i eigen seng heile natta, og er mektig stolt. Men me snakkar ikkje om korleis det var før;) Trur jenta di har det topp, og hugs at det er aldri for seint å læra av eigne feil, det må me vel til alle tider...

    SvarSlett
  3. Takker så mykje, Elisabeth! Men ein gang, om lenge, lenge, blir eg forhåpentligvis gammal...og DA hadde det vært kjekt å blitt litt klokk :) Men siden det er så lenge til er det nok fortsatt eit håp!

    SvarSlett
  4. Og dessuten har du jo forferdelig god tid!

    SvarSlett
  5. Ein vert jo aldri utlært, -ikkje på det å vere foreldre heller. Men ein vert mykje meir avslappa i høve korleis alt burde vere :)

    SvarSlett
  6. på tide å koste vinduskarmen..??? eller..? eller??
    tulla!
    forrige innlegg var dritbra.

    og klok blir du nok.
    sikkert.
    om et par tyve år.
    tulla!

    SvarSlett