torsdag 10. mars 2011

To teskeier

I ei skål med gamal havregraut låg det ein dag to skeier.
"Du er heldig du" sa den eine skeia til den andre.
"Kvifor er eg så heldig da?" spurte den andre skeia.
"Fordi du blir nennsomt ført ned i grautskåla av ei stor og stødig hand, og så forsiktig videre inn i ein gapande munn. Uten å søle og grise."
"Nja.."sa den andre skeia, "det stemmer vel ikkje heilt det du seier der"
"Åjoda!" sa den første skeia. "Og eg! Eg blir skjødesløst behanda av ein liten baby som ikkje eingang veit kva for ein ende av meg ho skal halda i! Og hvis ho mot formodning held i rette enden, og endåtil klarar å få balansert litt graut på meg, så kan du vera sikker på at ho har snudd meg slik at ingenting av grauten kjem inn i munnen hennar, berre hodet mitt havnar der inne."
"Er det så ille da?" spurte den andre skeia "ho er jo så søt, så det gjer vel ingenting om ho grisar litt?"
"LITT!?" sa den første skeia. "Hadde ho berre grisa LITT! Neida, når ho er ferdig er det ikkje berre graut på bordet, gulvet, kleda hennar og på stolen hennar. Heile MEG er også dekka med ekkel klissete kald graut"
"Eg syns likevel jenta er søt" sa den andre skeia.
...og slik heldt dei fram med si småkrangling, heilt til dei ein vakker dag vart henta og lagt fint inn i oppvaskemaskinen, og når dei atter var reine og fine og låg pent og pyntelig i kjøkkenskuffa var alt berre fryd og gammen, og skeiene pludra med alle andre bestikk som låg der om kor fint dei hadde det, og at det snart var vår, og andre småkoslige ting som bestikk pleier å snakke om når dei ligg i ei kjøkkenskuff.
God helg!

4 kommentarer:

  1. Haha...så det är sådana samtal våra bestick har, jag visste inte det. Tack för upplysningen;D
    Ha en god helg du og!
    Klem.

    SvarSlett
  2. Bestikket vårt har nok også en historie eller to å komme med...

    SvarSlett
  3. Hihi, har mang en gang ønsket å være flue på veggen i en bestikkskuff.
    :)
    God helg!

    SvarSlett
  4. for eit fint eventyr!

    SvarSlett