tirsdag 8. mars 2011

Internasjonal Kvinnedag

Ei 8.mars-pynta jente m/stjålen slikkepinn
Gratulerer med dagen kvinner! Det er vår dag i dag!

Eg har ikkje gått i tog i dag. Eg har aldri vært med på eit 8-mars-tog. Eg syns det er meir enn nok å gå i tog 17.mai.
Men eg er veldig glad for at det var noen som gjorde det (gjekk i 8.-mars-tog altså) i hine hårde dagar.

Det eg derimot har gjort i dag, var å feire dagen på kulturhuset Der starta arrangementet med ein apell ved ei ung afghansk jente (eg trur ho var 17 år) Nargis Emamoddin. Det var denne apellen eg kom for å høyre, og det var verkeleg interessant å høyre ei så ung kvinne snakke så engasjert om kvinnesak!

Resten av arrangementet trudde eg bare var tull, for da var det gamle "rødstrømper" som skulle snakke om historien til det lokale kvinnelaget. Men eg måtte bite i meg alle fordommer, for dei damene (sammen med andre "rødstrømper" rundtom i landet sjølvsagt) har heile æren for likestillingen her i landet. Det var varme og engasjerte kvinner som fortalte sin histore.

Avslutningen var ved Selma Lønning Aarø, og eg visste at ho er morsom, men eg visste ikkje at ho var SÅ morsom. Vi lo så vi grein.

Eg hadde aldri trudd eg skulle feire kvinnedag nokon gong, men der var det gjort! Nå er eg vel stempla som rødstrømpe eg og.

Men eg meiner fortsatt at vi kvinner har det bra her i landet. Engasjementet på denne dagen (og sjølvsagt også alle andre dager..) må rettes mot kvinner som fortsatt har lang veg å gå.

Gratulerer med dagen!

1 kommentar:

  1. For en flott markering av kvinnedagen, Ingrid! Skulle ønske at jeg hadde vært med deg.

    SvarSlett