lørdag 12. februar 2011

Smokk eller ikkje smokk? Eller tutt.

Dette med smokk kan vera komplisert. Vi har aldri fått smokk til å henge fast på våre babyer. Eg turde ikkje begynne for tidlig, for ein har jo lest om at det ikkje er så bra - for da kan barne lære seg feil sugeteknikk når det skal få bryst. Dermed venta eg sikkert litt for lenge. Det er ikkje så mykje lyd i pittesmå babyer. Iallfall var det bare litt knirking som kom ut av våre når dei var nyfødte, og dei gav seg når dei fekk kos eller mat.

Men etter nokre uker prøvde vi å dytte inn ein smokk når barnet knirka.
Smokken har ramla ut, vi (eg) har prøvd å dytte den på plass igjen. Smokken ramla ut enda ein gang.
Og mora gav opp. (Faren var aldri særlig gira på dette med smokk)



Dermed vart det ikkje smokk på våre barn.

Iallfall ikkje før dei starta i barnehage eller dagmamma og oppdaga at dei andre ungene, alle dei kule ungene, dei brukte smokk.
Da skulle våre unger også prøve. (Eg håper bare ikkje dei blir like påvirkelige hvis dei får venner som røyker!)

Dei to eldste gav seg heldigvis før dei egentlig starta. (med smokk altså) Så dei bruker ikkje smokk lenger. Heldigvis. (Det ville ikkje tatt seg ut på konfirmasjonsbildene til våren)

Men minstajentå begynte med smokk etter påvirkning fra sine med-dagmamma-barn, og ho held på ennå. 

Eg trur ikkje det er pedagogisk riktig at ho starter med smokk i ein alder av 16 månader.

Eg har lest meg litt opp på temaet, og ser at det er anbefalt at barn får smokk dei første 6 månadene, men etter det bør dei vennast av.  (Følger du linken kan du lese mange nyttige, og sikkert mindre nyttige ting om bruk av smokk. Eg orka ikkje lese meir enn første avsnitt- men så er jo eg lat)


Det er vel noe med tannstilling og sånt om ein brukar smokken for lenge, eller for mykje.

Foreløpig syns vi det er så sjarmerende å endelig ha ein unge som brukar smokk (eller tutt, som vi kaller det) så ho får stort sett lov å bruke den når ho vil.

Bortsett fra når ho skal spise.

For det er ikkje så lett å spise med tutten i munnen.

Ha ein fin laurdag!
Her går vi inn i helga med nystøvsugde golv!
Og forskjellige sokker.

4 kommentarer:

  1. Ha, ha! Sånn var det med våre unger også. Minstejenta oppdaget smokken i en alder av tre-fire år! Heldigvis tok hun snart til fornuften. Men Elise er jo så liten! La henne beholde den litt til da!

    SvarSlett
  2. Har heller ikke helt fått til det der, unntatt med 4åringen-stor suksess..
    5åringen brukte tommel! Litt verre å venne av med..
    De må jo slutte også, så det helt store poenget er det jo ikke-med mindre behovet er veldig stort.
    Her måtte de slutt når de var 2,5 år gamle..

    SvarSlett
  3. Ha ha, har lite smokkeerfaring her og - har tydd til puppevarianten. Men prøver i ny og ne med smokk.

    SvarSlett
  4. Har hatt to med smukk, og to utan. Ingen slutteproblem for dei som brukte smukk.
    Eg brydde meg ikkje om at dei på føden sa at ein ikkje skulle begynne for tidleg. Eg prøde no likevel, og som sagt var det berre to som beit på. Og alle saug pupp som berre det. - Men alle mine 4 har, eller har hatt, tannregulering. Det er vel helst ein arv frå mora sine skeive tanngener :)
    God helg, og smukk i vei med god samvittighet!

    SvarSlett