fredag 14. januar 2011

Den som venter...

Nå har vi omsider hengt opp fuglemat rett utanfor vindauga, slik at vi kan observere fugler på nært hold, og lære oss at det faktisk er litt forskjell på blåmeis og kjøttmeis. Vi har også oppdaga at den eine blåmeisen (eller var det ein kjøttmeis..?) har ein ubrukeleg fot, og må altså klare seg med ein, og det ser det ut som den klarer fint!

Men katten blir stressa av å ha potensiell mat så nært, og likevel så fjernt. Ho gøymer seg i planten, og av og til hopper den til i eit håp om at glaset på mirakuløst vis plutselig har forsvunnet. Noko som det faktisk aldri gjer.

Katten sit nå likevel i vindauga store deler av dagen og venter og venter...

Og den setninga måtte eg skrive for å få ein fin overgang til det eg egentlig skulle skrive om i dag.

For sjølvsagt sit nå alle mine trofaste lesarar og venter og venter på å få svar på mysteriet frå i går!
Jo! Nå skal du høyre her.

Enkelte var litt inne på det, for det hadde noko med vasking å gjera.

Når vi vaskar noko her i huset, så skjer det vanligvis i ein maskin, enten det er vaskemaskinen eller oppvaskmaskinen. Sjølvsagt enkelte unntak slik som bl.a. møbler, gulv og barn.

Men denne puta måtte vaskes, og den vart putta i vaskemaskinen. Sjølvsagt. Mulig at det kunne gått bra om vi bare hadde stoppa etter vaskeprogrammet, men det gjorde vi ikkje. Den vart sentrifugert.

Og eg antar at det er sentrifugeringa som tok knekken på den. Når eg plukka den ut så låg den iallfall fint ferdig oppkutta slik som dette. Som eit puslespel...
Meir spennande enn det var nok ikkje forklaringa. Håper de ikkje vart alfor skuffa nå. Det hadde faktisk vært litt meir stilig om den hadde knust ute i kulden. Nå striregner det utanfor her, og da antar eg at det ikkje lenger er kuldegrader, og vi får derfor ikkje prøvd ut om denne puta ville knust ute i kuldegrader. Dette må nok testes ved ein seinere anledning!

Ha ein fin fredagskveld!

4 kommentarer:

  1. Altså, eg visste at du ikkje datt ned på puta slik at den sprakk ;) Det var heller ikkje meininga å antyde at du var tung, hehe!
    Rart at puta vart slik etter ein omgang i maskina.
    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Jeg kjenner at jeg ble både litt skuffet og veldig forundret. Av sentrifugering? Hvem stopper vel en maskin før sentrifugering..?
    :O
    Fint puslespill ble det uansett.

    SvarSlett
  3. Da er vi alle advart om ikke annet;)

    SvarSlett