onsdag 29. september 2010

Ting som vi gløymer og hår

Det er fort gjort å gløyma igjen ting når ein er på besøk eller på kafe eller på butikken eller kor det måtte vera. Iallfall er denne familien spesielt flinke på sånt. Mobiltelefoner, jakker, toalettvesker, kamera, leker, mat osv osv blir gløymt igjen rett som det er.
Eg har også klart kunststykket å gløyma å legge igjen ting som eg har brukt når eg har vært på besøk.... Eg lånte ei skål, ein gaffel og ei teskei hos ei venninne nylig (i sommer) - dette vart lagt i sekken min, for vi gjekk ein liten tur, og eg trengte desse tingene på turen. Tingene låg fortsatt i sekken min då eg var heima igjen etter besøket...
Så: Kjære May Britt! Her heng tingene dine, i vindauga i yttergangen! Nå er eg ikkje heilt sikker på om du les bloggen min, men i tilfelle du gjer det: Eg har ikkje gløymt ut tingene dine (sjøl om kanskje du har?) og du skal får dei igjen så snart som mulig! 

Observante lesarar har kanskje lagt merke til andre ting som også heng her i vindaugskarmen? Laushår...?
Men heng det ikkje på utsida av vindauga?? Kva i all verda gjer det der?
Ikkje veit ikkje eg? Kanskje nokon andre her som veit svaret på laushårmysteriet?

5 kommentarer:

  1. Eg trur det er halen på ein hest, som held på å klatra opetter veggen din...

    SvarSlett
  2. Laushåret - vant ikke du og familien fotografering om jeg husker riktig? Du lufter vel laushåret sånn at dere skal bli fjonge til fotograferinga, tenker jeg.

    SvarSlett
  3. Så langhåra var no ikkje gutane dine...Så det kan ikkje vere dei som heng frå etasjen ovanfor?

    SvarSlett
  4. Jeg er også overbevist om at det er en hestehale, altså halen på en hest. ☺

    SvarSlett
  5. Det kunne vært ein hest..? Det er observert hester i nabolaget. Men er det vanlig at dei klatrar oppetter husvegger??
    Nei da har eg meir tru på Pia sin versjon. Kanskje Elise som lufter laushåret sitt før fotograferinga? Har ho kanskje tenkt å stille med svart og raudt hår...? Uffda!

    SvarSlett