tirsdag 7. september 2010

Om å slappe av

"Kva gjer du på, katten med gullpels?" spurde tigeren.
Katten svara at den vaska seg etter ei intens musejakt.

"Kan du ikkje berre slappe av litt no?" spurde den vesle tigeren.

"Etterpå. Det er viktig for ein katt å halde pelsen sin rein" svara katten med gullpelsen, medan den slikka pelsen sin og håpa på at tigeren snart ville stikke av.

"Eg har lese at kvinner som stresser midt i livet oftere utvikler demens når dei vert eldre." sa den vesle tigeren.



"Å? Kor har du lese det?" spurde katten med gullpelsen, litt meir interessert nå.

"Eg las det på internett" svara den vesle tigeren.

"Du skal ikkje tru at du les på internett, kjære deg" svara katta.

"Kanskje ikkje, men det kan vel ikkje skada å slappe litt av?" sa den vesle tigeren.

"Nei,nei. Eg gir meg. Kom her så kvilar vi litt saman"
"Fint!" svara den vesle tigeren, og vart kjempeglad, og gav katta med gullpelsen ein god klem!

ok...så var dette ein syltynn liten fortelling som avslapping, som eg ikkje skal prøve å gi ut på forlag...

Det som egentlig svirrer oppi hodet på katta på desse bildene er: kva i hekkan gjer den kosetigeren her? Kan ikkje fotografen for ein gangs skuld la meg få kvila i fred!?

5 kommentarer:

  1. Her er du jo godt i gang med ei billedbok! Søt katt, ok tiger.

    SvarSlett
  2. Trøttande når tigerar blir masete..

    SvarSlett
  3. jo det var en flått fortelling...:)

    SvarSlett
  4. He-he, flott fortelling, og fine bilder!

    SvarSlett
  5. Herlig! Da vet jeg det: Slapp av med god samvittighet ;-))

    SvarSlett