onsdag 1. september 2010

Mordet i hagen

Dette er eit tre..... eller det var iallfall eit tre.
Altså: det var ein gang eit tre.

Eit epletre. Kjøpt i dyre dommer på Plantasjen.

Ein vakker dag, eller natt, skjedde det noko forferdeleg. Hjorten kom snikande ned frå skogen. Du kunne sjå ondskapen lyse or augo på hjorten der han smaug seg fram mot epletreet.

Plutselig kasta han seg over epletreet, så fleire av greinene til det stakkars treet knakk saman. Og ikkje nok med det; han (for hjorten var ein han...) gnog i seg det som var att av friske skudd.
Epletreet vart så forskrekka at det ikkje klarte å gjera motstand før det var for seint.

Hjorten stakk av frå åstedet.

Men ikkje utan å legge frå seg spor.

Dagen etterpå, då vi til vår store forskrekkelse oppdaga det maltrakterte epletreet, kunne vi sjå tydelege - nesten varme -hjortebæsjer rundt treet. Så det hadde den tatt seg tid til! Å bæsje litt før den stakk av...

Hadde det her vært snakk om ein søt liten mordersnegle som var på ferde, så kunne vi bare henta saksa og klippet den i to. evt strødd salt på og latt den dø ein grusom og klissete død.

Så enkelt er det bare ikkje med hjort. Så stor saks har vi ikkje. Og ikkje nok salt. Og hadde vi hatt stor nok saks eller nok salt, så ville vi likevel ikkje fått lov til å ta livet av det "stakkars" dyret! Hjorte-grav kunne kanskje vært tingen? Og så gravd over ganske kjapt etterpå, og fjera alle spor? Eller er hjorten utstyrt med sendar..? Mulig...? Isåfall var også dette ein dårlig plan. Uansett: det hadde blitt mykje graving...

Er det nokon der ute, blant alle våre lesarar, som har ein god metode for å ta livet av ein hjort (utan skytepang, for det har vi ikkje...) og utan at nokon får vita om det?

Evt korleis halda hjorte vekke frå hagen vår?

3 kommentarer:

  1. Au då. Stakkar, vetle tre. Jeg vet ikke hvordan man kverker hjort uten skytevåpen - kanskje dere skulle søke Fylkesmannen om fellingsløyve? Sånn som sauebøndene gjør når jerven eter opp lammene i heia? Hey, epletrær fortjener vel samme beskyttelse som lam? Og så kan dere sikkert søke erstatning også - i tillegg til at dere får beholde hjortesteika... Vinn vinn, spør du meg.

    SvarSlett
  2. Uff da!
    Du får trøste deg med at snart er det jakt-tid.. da kan man jo håpe på at synderen får svi, en gang for alle. ;-)

    SvarSlett
  3. Den dagen du finner ut korleis ein held hjort vekke frå hagen, då må du vere snill å gje meg beskjed. Pokkers drittdyr.
    Hjort er best som pølse. :P

    For to dagar siden så reiv hjorten her ned gjerdet som vi hadde satt opp rundt det nye morelletreet vårt. Vel, no har vi ikkje lengre morelletre. *sur*

    Det hjelper ikkje å be om fellingsløyve så lenge du ikkje lever av eplesalg. Eg har sjekka det ut.

    Ha ellers ein fin dag vidare. :)

    SvarSlett