tirsdag 31. august 2010

Kunst..og oppvask

Kunst kan vera så mangt.
Når ein høyrer ordet kunst er det første ein tenker på gjerne oljemaleri, akrylmaleri eller til nød ei pastelltegning/-maleri. Ein tenker Munch, Weidemann eller Picasso. Eller kanskje opera og teater. Og ein tenker dikt! Og sjølvsagt skulpturer. Vigelandsanlegget er ein diger kunstutstilling. Ingen er vel i tvil om det.

Men er foto kunst? Jo, klart at foto kan vera kunst! Men kor går grensa frå at eit fotografi er kunst til at det bare er eit fotografi...?

Er dette bildet av oppvasken vår, i stemningsfullt kveldslys, kunst?

Ikkje veit ikkje eg. Men fotografen min fant iallfall denne oppvasken verdt å ta bilde av.

Det er jo uansett alltid kjekt å hente fram igjen slike bilder om 10-15 år, og mimre litt og tenke at - akk ja...slik såg oppvasken vår ut den gangen...

2 kommentarer:

  1. Alt er jo kunst! Har jeg forstått. Så sikkert denne oppvasken også.

    SvarSlett
  2. Med en god fotograf kan selv oppvaskmaskina bli kunst!

    SvarSlett