fredag 4. juni 2010

Yin og yang

Forrige blogginnlegg kunne kanskje gi inntrykk av at Roald, fotografen her, bestemmer kva for bilder som skal på bloggen. At han liksom er blogg-sjefen, og eg er slaven...
I dag skal eg prøve å utdjupe, og oppklare litt.
Dette bildet er av to speilegg. Desse to kan symbolisere meg og Roald...
Ikkje fordi dei er to egg, men fordi dei her ser ut som yin og yang. Yin og yang er symbolet som beskriver korleis to motsetningar er koblet saman og gjennsidig avhengige av kvarandre. Nå skal eg ikkje påstå at eg og Roald er så veldig forskjellige, men nokre motsetningar er der. Eg er kvinne - han er mann (!), han likar å rydde - eg likar å rote (...), han er fotograf - og eg er fotogen (?) he he! Nei det var tull- det passa bare så godt inn! Men eg er iallfall ikkje fotograf!
Likevel, sjøl om vi er ulike på mange måtar, så utfyller vi kvarandre, og er avhengige av kvarandre. (det merkes spesielt etter at ein av oss har vært borte i opptil fleire dagar. - Da er vi veldig glad for at vi ikkje er aleineforsørgarar! Ære være dei som klarer det!)
...men tilbake til saken.....altså: forklaring og utdjuping: Roald tar bildene (som sagt....) Han tar mange bilder, og eg er ofte med og gir input på kva han kan ta bilde av. Så beardeider han bildene og overlater dei fullt og heilt til meg. Eg har mange bilde å velga mellom, og av og til blir nokre bilder sensurert. F.eks trur eg ikkje eg har lyst til å legge ut bildet av meg, (eg sitter forresten og blogger på det bildet) der eg ser kjempesur ut.
For eg er jo ALLTID blid!!
(Av og til iallfall...)
Dermed har eg forhåpentligvis oppklart evt. misforståelser om kven det er som styrer denne bloggen. Det er egentlig MEG! Eg er sjefen :) Men forholder meg til grunnlaget (bildene) eg får av min kjære fotografmann. Yin - Yang...(men eg er bloggsjefen...)
Elisabeth (Innerst i veien) foreslo å sende bilder til andre, og la dei kommentere dei. God ide! Men som ho også nevnte i samme kommentar; da blir jo eg arbeidsledig. Og det vil eg helst ikkje bli. Får komme tilbake på dette når eg pensjonerer meg.

1 kommentar:

  1. Takk for oppklaring og supert bilde fotografen har ordna til deg i dag! ☺☺☺

    SvarSlett