mandag 21. juni 2010

Fat, gaffel, skei og teskei i vasken...

Ei skei, ei teskei og ein gaffel låg ein dag på eit fat nede i oppvask-kummen vår.

Her låg dei så fredelig og snakka om slikt som gafler og skeier pleier å snakke om. Men dei vart liggande både lenge og vel nede i denne kummen, og etter kvart begynte dei å bli lei, og det som skjer når ein blir lei er at ein begynner å krangle.
Det skjedde også her.
Skeia begynte å skryte og sa at den var det beste redskapet, for den kunne brukes til å spise supper, graut, frokostblandinger og i tillegg kunne den brukes til å røre med og legge egg forsiktig oppi kokevatnet. Og så hadde den treskaft! Gaffelen vart litt sint og meinte at den var minst like god, for han kunne brukes til å spise alle mulige slags kulinariske middagsretter, den kunne tvinne opptil fleire meter med spaghetti rundt seg, og så kunne den i tillegg bruket til å vispe sammen egg med. Og den var del av eit ekte Hardangerbestikk!
Te-skeia vart litt lei seg, for den følte seg litt lita og ubrukelig og simpel. Kva kunne nå den brukes til, tenkte den? Fatet skjønte at teskeia vart lei seg, og den sa: "både skei og gaffel er viktige redskaper, men her i huset er folka ekstremt glad i kaker, og dermed er det teskeia som er mest i bruk, og mest verdsatt". Og dermed var diskusjonen slutt, og skeia og gaffelen vart litt sure. Teskeia derimot, var strålande fornøyd der den låg i skittvatnet og venta på å bli vaska opp for å bli klar for neste kakestykke.
Og snipp snapp snute, så håper eg det ikkje dukker opp altfor mange slike bilde framover, for desse fortellingane vert berre verre og verre...
Ha ein fin dag likevel!

3 kommentarer:

  1. Fornøyelig lesning :)

    SvarSlett
  2. Det var kniven ikkje var der....kunne blitt ein dramatisk slutt. Det tør eg ikkje tenke på ein gong ;)

    SvarSlett