torsdag 15. april 2010

Troll

Eit par dager nå har tekst og bilete på denne bloggen ikkje hatt noko med kvarandre å gjera. Eg har blogga meg langt ut på viddene, og så er det nå eingang sånn at bileta som eg får å områ meg med frå fotografen krev mykje fantasi for å skriva noko som helst om.
Men nå skal eg skjerpa meg, og dagens bilde er altså eit troll.
Eit troll....
Eit stygt troll. Men er det nokon som har sett eit vakkert troll nokon gong?
Det har stått ute på trappa vår ei stund for å jage vekk eventuelle gjester. Nå har det flytta inn i drivhuset der det snart skal passa på at basilikum, tomater og slangeagurker veks fint. For det er troll gode på. Håpar eg iallfall.

3 kommentarer:

  1. Hvem vet, kanskje dette rett og slett er en stignom?

    SvarSlett
  2. Ja du skal sjå me har ein stignom ståande i drivhuset vårt! Det er jo mange umulige stier her oppe i skogen vår og, så du skal ikkje sjå vekk frå at stignomen, som eg trudde var eit troll, sniker seg ut av drivhuset på nattestid og lager stier rundt i skogen vår...

    SvarSlett
  3. Det vil jeg tro. Vi er kanskje i ferd med å finne løsningen på en svært interessant gåte som mennesker har lurt på i mange tusen år.. får pressen snusen i dette er det ikke godt å si hvordan dette vil ende. Kanskje like greit å holde dette hemmelig, føler på meg at stignomene egentlig ville sette stor pris på det..

    SvarSlett