torsdag 1. april 2010

Nytt golv!

Vi malte golvet på doen for ei tid tilbake, grått. Og det vart utrolig kjedelig. Såg ut som eit industrigolv. Dermed måtte vi muntre det litt opp, og kjøpte sjablonger og malte på sommerfugler, øyenstikkere og andre insekt. Det vart ganske fint!
Og her ligg Elise og sprellar av seg sokken. Ho likar godt å ligge på insektgolvet.

Det er ikkje heilt utenkeleg at det vil dukka opp meir sjablongmaling rundtom i huset etterkvart. Vi har fleire sjablongar, og mange malte flater der det kan passa med ein munter sjablong. Og kanskje det dukkar opp på bloggen her? De får venta i spaning! :)

3 kommentarer:

  1. Så flott! Vi har 8 dører som skal males grå nå..skal se de ender opp med sjablonger de og, om de blir for kjedelige..

    SvarSlett
  2. Blir sikkert mer sjablongmaling neste år på samme dato ;-)
    Hilsen frank

    SvarSlett
  3. Vi har altså eit slikt golv! Såg det ut som ein aprilspøk?? :)

    SvarSlett