onsdag 28. april 2010

Like og ulike sokkar til tørk

Klestørk i vårsol er eit vakkert og ynda fotomotiv. Og denne gangen er klestørken hengt opp på ein relativt forsvarlig husmoderlig måte. Langt ifrå perfekt, sjølvsagt, for då skulle sokkane hengt parvis. Nokre av sokkane her heng nesten parvis. Men sokkar har ein tendens til å ikkje bli vaska parvis, så da er det også vanskelig å henge dei opp parvis. Og sjøl om vi omhyggelig kastar begge sokkane i eit par inn i vaskemaskinen, så har vi det kjente fenomenet med sokkespisande vaskemaskinar, som tar kun den eine sokken(den kunne like godt tatt begge to når den likevel holdt på..). Og så gjemmer vi på den einslege sokken i eit fortvila håp om at den forsvunne sokken dukkar opp, men det gjer den jo ikkje. (Jo, kanskje når vi omsider har kasta den andre...)
Nå har vi det nok fint vi som kan bruke tid på å bekymrer oss for sokke-par. Det finnes folk som sliter med større ting nå om dagen. Sveriges prinsesse Maddes eks-forlovede f.eks. Han har det nok ikkje så bra for tida, og bruker nok ikkje mykje tid på å bekymre seg for sokkepar. Trist for han at Tora måtte røpe den lille affæren dei hadde sammen. Og når Tora oppdaga kor stor denne saken vart, så vart kanskje ho og bekymra, -for at summen ho fekk av se&hør faktisk var skremmande liten- ho burde fått mykje meir!
Men ho får ganske mange par sokker for den summen...så i det minste treng ho ikkje bekymre seg for einslige sokkar på ei stund. (Hvis ho kjøper sokker for pengane da...?)

2 kommentarer:

  1. Dei har mykje å stri med på andre sida av Kjølen;-) Men som man reder ligger man. Eg reknar med du held hus ein stad på vestkysten, og viss det stemmer, pøser det vel ned hjå deg og. Håpar du har hugsa å ta inn klesvasken!

    SvarSlett
  2. Stemmer at eg bur på vestkysten, nærmere bestemt Verdens Navle.
    Klærne er faktisk tatt inn!! Blir vel mange husmorpoeng for det og :)

    SvarSlett