søndag 11. april 2010

Babymat

I går var tema kattemat. I dag: babymat!
Livet er enkelt for mor(...og enda enklere for far, men det skal eg ikkje komma nærmare inn på her...) så lenge babyen kun får pupp. Maten er alltid lett tilgjengeleg - så lenge mammo er i umiddelbar nærleik. Maten er alltid passe varm, har rett konsistens, og ikkje minst - har det rette innhaldet av vitaminer, mineraler og proteiner som babyen treng (minus vitamin D- for babyer må ha TRAN i tillegg til morsmelk- viktig, viktig!)

Men plutselig ein dag er ho klar for skikkelig mat! Og da må vi foreldre sjølve passe på at ho får i seg rett antall vitaminer, mineraler, proteiner, antioksidanter, fettstoffer, karbohydrater og sporstoffer som kroppen deira treng for å halda seg sunn og frisk. Nå er verken mammo eller pappen her i huset utdanna innan ernæringsfysiologi (her måtte eg slå opp i Wikipedia for å sjekke at dette var den korrekte tittelen å bruka...og det var det..), så vi er alltid litt bekymra for om ho får i seg det ho skal. Det heiter seg at eit variert kosthald skal dekka behovet. Men kva er eit variert kosthald? Er det nok å variere mellom to forskjellige grautsortar og eit par-tre forskjellige middagsglas, eller må ein gå til innkjøp av dei fleste sortane og variere blant dei? Eller må ein i tillegg til ferdigmat også variere med litt heimelaga mat? Og i såfall; kva skal ein prioritera: frukt eller grønnsaker? Eller begge deler? Og kva for sortar frukt og grønnsaker? Og skal ein gi dei kjøtt og/eller fisk? Og isåfall: kva sort kjøtt og fisk?
Vi endar opp med å gi ho det ho likar...for ho er ei bestemt ung dame. Ho likar ikkje graut, til stor bekymring for oss foreldre. Babygraut inneheld jern, og jern skal babyer ha masse av. Vi har prøvd alle mogelege forskjellige grautsorter utan hell. Vi har hatt forskjellig frukt i grauten, og dermed klart å lura i ho eit par skeier før ho forstår at dette er kamuflert graut, og munnen lukkast bestemt att. Dermed må vi forsøke å få i ho brokkoli og spinat, for det inneheld jern. Men kor mykje må ho ete for å få i seg nok?
Og så ein annan problemstilling: kva skal babyer ikkje ete?? Dei skal ikkje ha salt i maten, og heller ikkje sukker. Den er grei. Honning og ku-melk skal dei helst ikkje ha før dei er 1 år. Og kva med appelsin? Og jordbær? Og is? Og løk? Og yoghurt? Kan dei få litt av desse matsortene, og isåfall; kor mykje er litt? Og kva med andre ting enn mat? Kva med avispapir, servietter, leksebøkene til storebrødrene, sure sokker, kattemat og hybelkaniner? Jada, eg veit at babyer ikkje skal ete dette, men kva om dei får i seg litt? Kor farleg er det? Vi skulle hatt ei liste som fortalte kor farleg er eigentleg avispapir og servietter, på ein skala frå 0-10. Kva er verst av ubleika resirkulert svanemerka tegnepapir og kattemat?
Det er mykje å gruble over når ein har ein baby i hus. Grubler eg for mykje kanskje? Har eg kanskje for mykje tid til grubling? Betyr all denne grublinga at eg eigentleg er klar for å gå tilbake på jobb snar, og tenke litt på heilt andre ting? Eller treng eg berre litt meir vaksenkontakt? Eller psykolog? Eller hjelp av PPT og BUP?
Eg trur eg sat og grubla på same måten for 12-13 år sidan, då dei to eldste var små, og nå er dei to kjekke og sunne unge gutar. Litt kresne i matvegen kanskje, men det er dei ikkje aleine om... Det går nok bra med minstejenta og til slutt. :) Vi får berre slutte å gruble så mykje.
Nå er det ut og nyte våren!! Ha ein fin søndag!

1 kommentar:

  1. ...og plutselig ble jeg veldig glad for at mine 2 er over den kritiske alder:)
    Jeg hadde en grøtspiser og en anti-grøtspiser. Ei som ble fora med grøt og brødskive med kaviar og en annen med leverpostei - det gikk fint det og - ......tror jeg?! hehe

    SvarSlett