torsdag 15. april 2010

Andre blogger

Det finnes visst uendelig mange blogger. Ikkje uendelig kanskje, for det er jo eit sterkt ord, men veldig, veldig, veldig mange.
Eg har såvidt begynt å få augene opp for andre enn meg sjøl, og det er nokre av bloggene eg har funne som er meir interessante enn andre. Nokre bloggar tar opp samfunspolitiske meingar og store viktige saker, blanda med meir folkeleg humor, slik som disser to: Hummer og kanari og Politikk og sånn. Veldig kjekt å lesa blogger som tar opp ting som kanskje ikkje kjem godt nok fram media og som vert presentert på ein måte som er interessant til og med for meg som vanligvis kun les tegneseriene i avisa... I Hummar og kanari dukkar det plutselig opp innlegg med sterkt humoristiske innslag, slik at vi skjønner at det ikkje er ei så streng og skummel dame som står bak denne bloggen som vi av og til kan få inntrykk av. :)
Den morsomste bloggen eg leser er denne: Sjuskelines lille blogg. Det er min humor! Ho skriv utrolig bra og illustrerer med nokon utrolig stygge bilder. Snuskebassa er også ein blogg å bli i godt humør av.
Ein annan blogg eg kikker innom er Lilliannes Verden. Masse kos, fine bilder, og så tipsar ho om så utrolig mange spennande nettbutikkar som eg aldri har høyrt om før.
Så har vi andre type blogger, f.eks mamma-blogger, der eg har fått augene opp for den som vart kåra til den morsomte mammabloggen-09, Pias verden. Fantastisk! Her fekk eg i dag tips om enda ei nettside som nå har "Giveaway" (som er eit slags blogg-lotteri?) Eg håpar på å vinne og måtte love å reklamere litt for denne sida også. Sida heiter BONKA RAKKA, og denne har eg ikkje lest så mykje i ennå, men det ser ut som ein fin blogg! :) Som altså nå arrangerer blogg-lotteri!

Dette innlegget i bloggen vår inneheld ikkje bilete tatt av Roald. Han vert skuffa når han oppdagar dette, men eg kjem snart tilbake med blogginnlegg, med Roald-bilde!

2 kommentarer:

  1. Heisann. Takk for kommentar og link. Det ser ut som du har en flin blogg. Skal bokmerke deg slik at jeg finner tilbake. Ha en flyfri, solrik og GLAD helg!

    SvarSlett
  2. Tusen takk for gode ord! Det er mange flotte blogger rundt omkring ja - din blogg er en av dem! Ha ei flott helg!

    SvarSlett