fredag 5. mars 2010

Plutselig sommer...

Her skal eg sitja til somaren!

Tenk deg: sola har vært oppe ei stund alt, sjøl om klokka bare viser 08.00. Det er heilt stille, for ingen av naboane (ja vi har naboar sjøl om det er øde her ute..) har stått opp og starta opp grasklypparen eller sementblandaren eller kva for eit bråkete uteprosjekt dei enn holder på med- ennå. Og her sit eg med ein kaffikopp, og kanskje ei skjeva med leverpostei, eller skinka og egg, hvis eg har gidda å koka meg egg så tidlig på morgonen. Sola varmer godt allerede, og eg kan kjenna at eg burde hatt litt solkrem på nasen dagen før, for den har visst fått for mykje sol. Katten kjem og vil opp på fanget, men der er det opptatt, for der er kaffikoppen og fatet med sjevene. Fuglane kvitrar ellevilt rundtom i tretoppane, for det er ein nydeleg morgon. Bjørka har blitt grøn og fin, og heggen er i ferd med å blomstre av, men ein kan fortsatt såvidt kjenne den gode lukta av dei små kvite blomane. Graset er ikkje nyslått, men heller ikkje så høgt at det treng å slåast heilt ennå. På himmelen svever eit par kvite skyer, og eg kan bruke lang tid på å fantasere om kva dei kan forestille- men finner til slutt ut at eg har ikkje fantasi lenger... Ei floga surrar rundt sjevene mine eit par ganger før eg viftar den vekk, og den forsvinn. I skuggen kan eg se smikka som svirrer rund og venter på den dagen den skal ut i verden og suge blod, men heldigvis er ikkje den dagen komt heilt ennå. (Nå kan vi sjølvsagt håpe på at smikka har tatt kveld etter denne lange kalde vinteren, men det skal vel meir til å ta knekken på den hardføre vestlandssmikka...) Ungane ligg og sover fortsatt, så det er ennå ei stund til eg skal begynne å mase på at dei må få i seg frokost og komme seg ut og få frisk luft og ikkje bare sitte inne og glo inn i ein skjerm heile dagen...for det er faktisk nydelig vær ute! Og eg har fri heile dagen og kan derfor sitte her leeenge og nyte kaffien. Da er det vår!
Og om ikkje så altfor lenge til får vi faktisk oppleva det igjen! Tru det eller ei. Framleis er det vanskeleg å sjå føre seg... Eg prøvde å sitja ute litt i går, i solsteiken, men hadde både teppe og pledd pakka godt rundt meg, og ikkje såg eg noko til plenen eller den grøne bjørka. Vart ikkje pittelitt solbrent på nasen eingong...

Kvifor slike assosiasjoner til eit bilde fullstappa med snø, på ein dag fullstappa med snø? Nei, sei det...? Lengter nok litt til våren... Og det har eg vel lov til?

1 kommentar:

  1. Ja vi kan jo drømme. God beskrivelse av en deilig sommerdag, savnet etter vår ble enda større. Nå laver det jammen ned igjen, denne vinteren nekter å gi seg, og selv en nyfrelst akefanatiker må innrømme at nå er jammen nok nok. Våren, kom nå!!

    SvarSlett