fredag 26. mars 2010

Donald, eit spøkelse?

Fotografen har her klart å fanga noko heilt spesielt; eit Donaldspøkelse! At han skulle dukke opp i vårt hus vil kanskje forundre enkelte, men dei fleste er vel jordnære nok til å skjønna at dette ikkje kan vera eit spøkelse.
Men kva er det da?

Jo, eg skal vera grei og forklare.
Vi er så heldige at vi har fått ei litt spesiell kakeform av bror min for nokre år sidan. Ei donaldform! I denne forma lagar vi donaldkaka. Sjølvsagt.
Når vi har lagar donaldkaka må kakeforma vaskast etterpå, men før forma vert vaska kan den stå ei stund i oppvaskkummen med vatn i, sånn at den er lettare å få rein.

Og når den står sånn, i oppvaskekummen,
med skittvatn i,
det er då Roald hoppar fram og tar bilde av den...

2 kommentarer:

  1. Fabelaktig. Å koma på det meiner eg:))

    SvarSlett
  2. ...er vel helst det som er fabelaktig ja ;)

    SvarSlett