Som eg har nevnt tidlegare er denne bloggen eit samarbeid mellom meg (Ingrid) og Roald. Roald tek bileta, og så er det min jobb å finna nokre vakre poetiske ord å skriva om desse bileta. Å finna vakre, poetiske ord om eit badehandkle og ei katterumpe slit eg litt med. Kanskje eg kan skriva litt om handkle? At her i huset har vi satt dette med fargerikt fellesskap ut i praksis når det gjeld handkle. Eg veit at det er vanleg å ha handkle som matchar med interiøret på badet, evt fargerike handkle(sjølvsagt alle i same farge) som livar opp på eit ellers kvitt og stilfullt bad. Heima hjå oss brukar vi handkle til å tørke oss med (!) og tenkjer ikkje så mykje over kva farge det er på handkledet eller om det er litt frynsete i kanten. Når det til slutt er hull i eit godt brukt handkle,vert det brukt til vaskefille ei stund før det endeleg endar sine dagar på Svartasmoget, hvis det er meir igjen av det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar