fredag 19. februar 2010

Meir snø

I dag begynner vinterferien her hos oss! Vinterferien begynner med vakkert vintervær! Sol og snø. Kva meir kan ein ønske seg? Sol og sommer kanskje...? Men det kommer, det kommer. Vi er tross alt i ein vintermånad fortsatt. Sjøl om vi ofte på denne tida har plukka dei første snøklokkene, så har vi også mest sannsynleg plukka dei med støvlar og regnjakke på, mens vi har tviholdt fast i nærmeste grein for ikkje å blåse vekk...

Men det er såpass nær vår no at vi kanskje slipp bruke snøskuffa fleire ganger. Håpet er at vi nå kan pakke den vekk, men vi tør ikkje gjera det heilt ennå, for da kjem nok nye snømengder dalande frå himmelen.. (Dessuten er nok plassen i kjellaren fylt opp med andre ting nå...så vi må først ha ein våropprydding der nede...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar