fredag 12. februar 2010

Elise i vogga

Skal sei det var kjekt å få ein baby i godt voksen alder! Eit lite under som plutselig kom til oss og laga kaos i familielivet vårt. For litt kaos vart det jo.
Tenk kor enkelt det var før Elise dukka opp. To store gutar, på omtrent samme alder, med mange av dei samme interessene. Lett å finna på noko kjekt ilag med dei, som begge syns var kjekt. Gå å bowla, gå på ski, slalom, tur på Utslettefjellet (kanskje ikkje begge syns det var SÅ kjekt - men likevel...), gocart, Legoland, dyreparken, spela monopol, osv. Ikkje lett å ta med Elise på slalom f.eks. Ikkje heilt ennå iallfall. Og lenge til ho forstår seg på reglane i monopol.
Likevel er det fantastisk å ha fått det litla vidunderet i hus! Som lagar "sleve-flekkar" på golvet, som skal ha mykje oppmerksomhet, og helst berast på, heile kvelden, som skriker når ho blir lagt i vogna eller i bilsetet. Ho er skjønn! :)
Skjønn når ho vakner opp med eit stort smil etter ei god natt. Skjønn når ho ellevill ligg og kosar seg i badekaret, skjønn når ho spreller av glede kvar gong vi snakkar til ho, skjønn når ho roer seg ned på skuldera mi. Skjønn når ho sover... Er det løye at vi alle er veldig glad i ho? :)

1 kommentar:

  1. Ja hun er kjempeskjønn. Får nesten lyst på en selv.. Flott bilde igjen forresten.

    SvarSlett