Skal sei det var kjekt å få ein baby i godt voksen alder! Eit lite under som plutselig kom til oss og laga kaos i familielivet vårt. For litt kaos vart det jo.Tenk kor enkelt det var før Elise dukka opp. To store gutar, på omtrent samme alder, med mange av dei samme interessene. Lett å finna på noko kjekt ilag med dei, som begge syns var kjekt. Gå å bowla, gå på ski, slalom, tur på Utslettefjellet (kanskje ikkje begge syns det var SÅ kjekt - men likevel...), gocart, Legoland, dyreparken, spela monopol, osv. Ikkje lett å ta med Elise på slalom f.eks. Ikkje heilt ennå iallfall. Og lenge til ho forstår seg på reglane i monopol.
Likevel er det fantastisk å ha fått det litla vidunderet i hus! Som lagar "sleve-flekkar" på golvet, som skal ha mykje oppmerksomhet, og helst berast på, heile kvelden, som skriker når ho blir lagt i vogna eller i bilsetet. Ho er skjønn! :)

Ja hun er kjempeskjønn. Får nesten lyst på en selv.. Flott bilde igjen forresten.
SvarSlett