mandag 8. februar 2010

Badekar/dusj

Me har badekar og dusjkabinett. Luksus spør du meg. Luksus å kunne legge seg i eit dampande, velduftande badekar etter ein lang, strevsom dag. Og deilig å stå i dusjen tidlig på morgonkvisten, og sakte men sikkert våkne under ei vannstråle som er akurat så varm at eg nesten brenn huden av meg.


















Så har du baksida av medaljen. Badekar og dusjkabinett skal vaskes... Badekaret er forsåvidt greit nok- ikkje alfor stor overflat som skal vaskes, og lett å få reint. Men så kjem du til dusjkabinettet. Fem stk store vindusflater...som ikkje blir vaska så fryktelig ofte, slik at eg virkelig må streve når eg endelig får ånda over meg. Tungt, tungt arbeid. Tidligere var det i tillegg eit illeluktande arbeid. Brukte eit sterkt dunstande baderomsspray-remedium som svei godt i augene, men som fekk vekk skiten. Måtte ut av baderommet for å trekke pusten mens eg vaska. Nå har eg vært på filleparty, og bruker kun vatn og microfiber. Slipper lukta, men må gnikke dobbelt så lenge og dobbelt så hardt. God trim! Det er når eg står svett og sliten inni dusjkabinettet at eg ønsker meg vaskehjelp... Men også når eg kryper rundt på gulvet og vasker bak doen... Når eg blir stor skal eg få meg vaskehjelp. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar