søndag 24. januar 2010

Såpe

Her er to såper me fekk av Birgit.
Dei ser kanskje ikkje så fine ut, men dei er likevel fotogene, iallfall når Roald tar bildet :)
Den store såpa kjem frå Fitjar såpekokeri. Fitjar såpekokeri held til på Fitjar (!) og dei har heimeside: http://www.fitjarsoap.no/
Grunnen til at den store såpa er lagt i ein pose er at Aksel ikkje klarer lukta av den...så kanskje den ikkje var så godt parfymert, men den er god til ansiktsrens likevel. :)
Såpa som ligg øverst, har Birgit laga heilt sjøl! Den luktar jul, men ikkje SÅ veldig jul at me ikkje kan bruke den nå i januar og. Eg har blitt glad i såpene til Birgit, for hendene mine er tørker ikkje ut, sånn som dei gjer når eg brukar Lano e.l. Nå går ryktene rundtom på bygda om at ho har tenkt å lage ein ny ladning med såper, så da er det bare å hive seg rundt og bestille tenker eg!
Dei andre tinga på bildet (q-tips, hårstrå og målesprøyte) skal eg ikkje kommentera bortsett fra at normalt ligg der mykje meir her ved denne vasken...men det måtte Roald rydde vekk for å få tatt dette bildet...

2 kommentarer:

  1. He-he, såpene min har havnet på blogg, ikke verst. De ser jo ikke så innbydende ut nei..
    På tide å lage nye nå, de fleste forsvant i julen, og nå må man vel anta at etterspørselen blir stor, etter denne reklamen. ;-)
    Birgit

    SvarSlett
  2. Den største såpa ser ut som ein brunost.

    SvarSlett