lørdag 18. februar 2012

Hederlig omtale

Så var det klart for hederlig omtale!

Det var ei vrien oppgåve eg hadde laga, og er imponert over at så mange forsøkte å svare, og at det faktisk også var nokre som hadde tippa riktig!
På grunn av hederlig innsats frå alle som svara, skal herved alle få hederlig omtale!

Først ute var Whitebite som ikkje hadde snøring. Men ho innrømmer det, og skal ha all ære for det! Eg må jo nok ein gang få understreke at oppgåva var vanskelig, så eg hadde ikkje venta at så mange skulle klare det.
Whitebite er ellers ein fantastisk blogger, som tar vakre bilder, og skriver ofte poetisk vakkert, og ofte humoristisk. Ho har ein blogg som det er kjekt å besøke!

Nestemann (-kvinne) ut var Lise, som ikkje kom med eit svar, men som på ein måte gav ei ny gåte. Ho skriver noko om ein pakke i posten, og dersom ho med dette meiner pakke i posten til sjølvaste meg, så har ho plutselig enda mange fleire stjerner enn ho allerede hadde klart å opparbeide seg til nå! Eg har ikkje bursdag før i mai, så nokon bursdagspresang er det vel ikkje snakk om. Dersom det viser seg at det verkeleg dukker opp ein pakke i posten kan eg jo bare sei at da skal det blogges!
Lise - med bloggen Lises myke pakker skriver velformulert om alt mulig. Ho er engasjert og humoristisk, og har ei gammal campingvogn som heiter Astrid, som dei skal reise på ferie i til sommeren, Ser fram til mange gode blogginnlegg fra den turen!
I tillegg holder Lise på med kåring av beste fjaseblogger. Dette har ført til at det nå er ei fin liste med mange gode blogger - som gjer sitt til at vi slipper å bruke år og dag på å leite gjennom all verdens blogger for å finne dei aller beste. Vi går bare inn på lista inne hos Lise (se oppe til høgre på sida hennar). Der står altså alle dei beste. (Syns du nokon mangler der, er det fortsatt litt tid igjen til å gi beskjed til den samme Lise, så slenger ho dei med på lista si.)

Så dukka det opp eit svar fra FruLykkelig! Det var eit nytt bekjentskap. Eg har lest meg litt opp på bloggen hennar, og funne ut at ho faktisk, i ein alder av 23 år (!) har tre (3!) barn! (Når eg var 23 år levde eg livets glade dager, og hadde fortsatt 4 lykkelige år som barnløs. Nå skal eg ikkje komme her og påstå at det ikkje har vært lykkelig etterpå. Tvert imot! Og her kunne eg skrevet ein avhandling om lykken med å få barn, men nå var det ikkje akkurat det dette innlegget skulle handle om.) Uansett: FruLykkelig visste antakelig svaret, utan å gå direkte inn på det. Ho er tydligvis oppvakt, i tillegg til at ho er ei ung og energisk mor. Til tre små! Yngstemann er bare nokre få uker gamal. Så liten og skjønn! I tillegg til å ha tre små i alderen 0 til 4 har eg observert at ho også får tid til baking. Imponert!

Så var det endelig ei som svara kort og kontant korrekt! Sjølvaste HH! Tadatadaaa!! HH skriver bloggen Mia i Myra som er ein allsidig blogg som ofte inneholder gode bokomtaler. HH jobber på bibliotek, og nå har ho faktisk snakka med sjølvaste Mustafa Can - som skal komme på besøk til deira bibliotek! Nå skal eg vera så ærlig å innrømme at eg ikkje hadde hørt om Mustafa Can før, men det forteller meir om meg enn om denne gode forfatteren. Eit googlesøk gav 3 680 000 treff. Til samanlikning kan eg sei at eit tilsvarande søk på mitt navn gav 4220 treff, men da har eg ei navnesøster som er kyrkjerverge, som sikkert er skyld i dei fleste av desse treffa. Og det skal også seiast at neste bok eg skal lesa er "Tett inntil dagene - fortellingen om min mor" av akkurat denne forfatteren. Men tilbake til HH! Sjølv om eg bare kjenner ho gjennom blogg, så veit eg at ho er ei oppvakt dame med lun humor. Ho skriver engasjert, men ho ordlegger seg ikkje med lange svulmande tekstar (slik som eg ligg an til i dette innlegget...) Ho får fram poenget sitt med få, velvalgte ord. Anbefaler absolutt å følge med på denne bloggen!

ShyB visste tydligvis også svaret, sjøl om ho ikkje nevner katten ved navn. ShyB skriver bloggen A bit (ch) shy som også er ein kvalitetsblogg, etter mine begrep. Ho skriv humoristisk, og har - i likhet med meg sjøl - ein heim som ikkje alltid er strigla og der ikkje alt er kvitt og lyserosa. Vi har sønner med mange fellestrekk på omtrent samme alder. Men ho har heile fire barn, og dei er eldre i snitt enn det mine tre er. Likevel (til tross for fire barn..) holder ho seg svært godt og skriver fantastisk morsomt og sjølvironisk. Digger det! 

Til slutt ramla det inn eit svar fra Pia
....ja, ja...
Det var kanskje nærliggande å tru at dette kunne handlet om dugluggen, men du tok nok feil denne gangen Pia. Bedre lykke neste gang. Men tusen takk for at du i det minste gjorde eit tappert forsøk!
Pia er min store helt i bloggverden. I tillegg til at ho irriterer meg ganske ofte. Det har seg nemlig sånn at eg, etter å ha lest hennar blogginnlegg, veldig ofte tenker at det der skulle eg og ha laga eit morsomt innlegg om... Men så har Pia altså allerede gjort det, og det nytter ikkje å komme etterpå å forsøke å skrive om det samme. Det blir alltid ein dårlig kopi. Poenget er at ho har alltid dei gode ideene. Eg får dei gode ideene etter å ha lest blogginnlegg. Og da fortrinnsvis Pia sine blogginnlegg. 
Pia er kåret til årets morsomste mammablogger to år på rad, og det er veldig velfortjent! Pia er på TV rett som det er, og var nylig også omtalt i Dagbladet. Pia er altså ganske berømt!
Pia er ei raus dame som ikkje slenger døra i tryne på deg sjøl om du tropper opp med heile familien på slep og forlanger å få komme inn for å få overnatte.. Og ho er snill nok til å ofre ein heil lørdagskveld sammen med  ei bygdejente som tilfeldigvis var i hovedstaden og trengte selskap.

Og før eg publiserte dette innlegget rakk også Kristin å legge inn korrekt svar! Gratulerer Kristin!
Kristin skriver diktbloggen Dikt for dagen. Vakre kvardagsdikt som det lett går an å kjenne seg igjen i og som ofte gir ein liten tankevekkar.
Kristin har gitt ut diktbok, vært på radioen, NRK! Veldig bra Kristin! Fint å ha ein litt meir seriøs blogg som er godt lesbar, innimellom alle fjasebloggene som eg leser..

Tusen takk for gode svar!
Og tusen takk for at dåke gidder å legge igjen kommentarer på innleggene mine! 

Og ha ein fin søndag!

9 kommentarer:

  1. Hmm, så premien i forrige innlegg var hederlig omtale? Uansett, liksom? Det burde jeg jo fått med meg...

    Nydelige omtaler av velkjente bloggfrender, der! Hurra for dem! ;o)

    SvarSlett
  2. Wow, det var fantastisk hederlig. Her kommer jeg til å skrive kommentarer flere ganger.

    SvarSlett
  3. Sjøl takk. Og i like måte. Og alt det der:)
    Ikke godt for selvtilliten dette, men skal prøve å la være å la det ta helt av.

    Men svaret det var altså? Har altså ennå ikke forstått det.

    SvarSlett
  4. Oj,oj! Bøyer meg i støvet mitt, og takkar og bukker for flotte ord.
    Fantastisk morsom og hederlig omtale av alle.
    I salute you!

    SvarSlett
  5. Og nå kommer du til å bli forbanna, for nå har jeg blogga om Polarn O Pyret! Rett foran nesa på deg! Kunne tenke meg at du hadde et Polarn O Pyret-innlegg liggende klart.

    SvarSlett
  6. Men fra spøk til side: Takk for hederlig omtale. Jeg liker deg godt. Det veit du. Og vi skal treffes igjen.

    SvarSlett
  7. Mange flotte bloggar du nemner, hjarteleg takk for fin omtale! Og så utruleg flink du er til å lenkja då;) Du sikrar deg kommentarar i mange innlegg framover med dette altså;)

    SvarSlett
  8. Takk for hederlig omtale! Rødme, rødme ;-)

    SvarSlett
  9. Gratulerer med nominasjon til den høythengende tittelen Årets fjaseblogg. Kåringen pågår frem til og med 1. mars. Som nominert er du en av dem med størst innflytelse!

    Sjekk her: http://www.lises.net/blogg/?p=5506

    SvarSlett