tirsdag 2. mars 2010

Havfruer

I det vesle stoveglaset vårt står to havfruer og to pelargonium. Havfruene kjøpte eg når eg var på havfruetur til København. Kvifor eg kjøpte to husker eg ikkje, men kanskje eg skulle gi den eine til nokon? Men kven vil ha ei havfrue-suvenir fra Københavnturen min?? Men det er veldig greit med to havfruer, for da slipper dei å vera så aleine.

Pelargonium eller Geranium har sikkert dei fleste sett før. Mange har nok sett dei i vinduskarmen til ei bestemor eller ei gammal tante. Eller vi vår vinduskarm... Dei er fryktelig lett å få til, og treng nesten ikkje vatn. På vinteren skal dei stå kjølig, men det gjer ikkje våre. Dei står i den varmaste stova heile året.. Dei trives likevel, men blir av og til veldig lange og spinkle... Men så klipper Roald dei litt, og stuller og steller med dei, så da ser dei ikkje så værst ut. Snart blomstrer dei igjen, og da er det vår! :)
....for det blir vel vår i år og???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar