onsdag 10. februar 2010

Pusen i trappa

Her står Gulle og kikker på alt som skjer i huset, ho har god utsikt fra trappa. Ho bryr seg antakelig ikkje om rotet som også ligg i trappa...ho har iallfall aldri sagt noko negativt om det. Egentlig har ho aldri sagt noko som helst, men kva anna kan ein venta av ein katt?

Dette bildet er eit ekte fotografi. Det er tatt med eit godt, gamaldags kamera med film i. Som eg nevnte i går, tar Roald helst bilder med analogt filmkamera (og da meiner eg ikkje bevegelige-bilder-film-kamera, men svart-kvit-stillbilde-film-kamera...altså sånn som vi brukte før digitalkamera overtok markedet...)
Han får det inn på dataen ved å scanne negativen med negativscanner. Håpet hans er å få brukt ein masse tid på mørkerommet, for lidenskapen er å framkalle bildene på den ordentlige måten. Men pga tidsnød blir bildene for tida lagt inn på data, og så vert dei printa ut. Mykje meir lettvint. (..og for oss som ikkje forstår oss på det- ganske likt resultat- men det må de ikkje sei til han...)

1 kommentar: