tirsdag 23. februar 2010

Jakkar 2

Jakkar er ein ting som ein aldri får nok av, men likevel har vi altfor mange hengande i gangen... Også Elise har fått seg mange jakkar alt. Ho har visst meir klær enn alle vi andre til saman. Kjekt med jenteklær!
Den jakka som kanskje ser raud ut her (men som eigentleg er rosa, sjølvsagt) kjem frå Polen! Nydeleg søt jakke som Elise gler seg til å begynna å bruka. Ellers har ho rosa, nusselig duffelcoat og ei mjuk og god lyserosa kåpe. Eg er litt misunnelig! Mine kåper/jakkar er grå og svarte..og ei brun, men der er glidlåsen ødelagt. Roald sine jakkar er svarte, svarte og svarte. Gutane har nok heller ikkje så veldig fargerike jakkar. Godt vi fekk ein liten fargeklatt inn i vår grå familie! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar