onsdag 3. februar 2010

Gulle

Her har Gulle våga seg ut på trappa. i snøen.
Det er fortsatt snø ute!

Eg har merka meg at med snøen så kom også eit visst engasjement rundt dette med hundebæsj... "Dagens klage" i Sunnhordland har nesten kvar dag nå, etter at snøen kom, handla om hundebæsj i turløypene. Det er jo irriterande med hundebæsj, men dei fleste hundeeigarane er ansvarsbevisste og plukkar opp etter seg. Dei som ikkje gjer det les antakelig ikkje dagens klage i Sunnhordland uansett- og tar det nok uansett ikkje innover seg.
Nei, ein får heller prøva å engasjera seg i noko litt viktigare her i verda. Urett her i landet og ellers i verda f.eks.
Og då er det mykje å velgja i!
-sjukehuskonflikten
-sjukepleiarlønningar
-nedskjæringar i eldreomsorgen
-pedofile overgriparar
-nedprioritering av psykisk helsevern
-kjønnslemlesting
-fattige i Norge
-fattige i verden
-få vekk Mulla Krekar fra Norge
-griskhet
-dyremishandling
-forbrukersamfunnet
-rasisme
-miljøødeleggelser
-tvangsekteskap
-terrorister
-foreldreløse og hjemløse barn
-ofre etter Haiti-katastrofen
-ofre etter glemte katastrofer
-pressefridom
Mange tunge viktige saker, og dette var bare det eg kom på i farten. Det krever ein masse energi å meine noe om dette, og ikkje minst å gjera noko. Derfor sit eg, som så mange andre, på rompa og irriterer oss litt over snøen, hundebæsj, eller regnet - når det ein gang kjem, eller sola som skin på dei skitne vindauga, eller kresne unger - som er mykje enklare saker å engasjere seg i og klage på.
Ha ein fin dag i snøen! :/

2 kommentarer:

  1. Grådig godt poeng, Ingrid. Hundebæsj og (egentlig flott) snø er jo berre bagatellar.
    Me burde skamma oss som klagar på slikt, når me egentleg har da så godt som det går an å få det!
    Godt skrevet ;)

    SvarSlett
  2. ...og kattebæsj...;)

    SvarSlett