søndag 8. november 2015

Blogging, mimring og verdensproblemer

Det er ikkje bare enkelt å begynne å blogge igjen. Plutselig må eg setja av tid til å skrive litt på PC'en etter gamalt.
Eg har hatt bloggpause ganske lenge nå, men har heile tida laga blogg-innlegg oppi hodet mitt. Men å få det ned på ein PC er jo litt meir tidkrevande. Og alle blogginnlegga som eg laga oppi hodet mitt er borte for lenge siden...eg husker ikkje eingang kva det var for viktige verdensproblem eg skulle løysa. Men viktige var dei heilt sikkert.
Eg har sakna blogginga, men eg har og sakna det unike blogg-miljøet blant fjasebloggarane. Såvidt eg kan hugsa så vart det  arrangert fjaseblogg-treff nokre ganger, som eg dessverre ikkje fekk med meg. Men eg fekk gleda av å treffe mine tre store blogg-heltar, Pia, Elisabeth og Trine ein vakker (eller -det var forresten ein råkald) dag for nokre år sidan, i den store byen der kongen og dei bur. Stor oppleving! Pia og Elisabeth blogger framleis litt innimellom, heldigvis, medan Trine har hatt ein lang pause (?) nå.
Det er mange av mine store blogg-heltar som har tatt bloggpause (eller rett og slett slutta å blogge..?) men så finn eg heldigvis ut at det framleis er nokre som held ut og framleis skriv med imponerande entusiasme. Og tusen takk for det! Desse bloggene synliggjer seg på høgre sida her på bloggen. I tillegg har det sikkert dukka opp nye spanande bloggarar i løpet av desse åra, og det får eg finna ut av etterkvart.
Dei siste åra har det dukka opp både instagram, snapchat og facebook (og sjølsagt ein heil haug med andre greier som eg ikkje klarer å få med meg), så verden har blitt mykje mindre. Avstander betyr lite når det kjem til å halda kontakt. Eit tastetrykk og ein kan dela både bilder, filmer og tekst. Så nokre av dei "gamle" bloggarane kan eg likevel halde meg oppdatert på gjennom andre medier enn blogg.
Her kom det plutselig eit illustrasjonsbilde - tatt av Fotografen - og ein kan straks avsløra at dette er eit litt eldre bilde, for ikkje eingang etter denne flotte og milde hausten klarer vi å oppspore kvitveis rundtom her som vi bur iallfall. Og ellers - kva dette illustrasjonsbildet har med dagens tekst å gjera kan ein jo undrast over. Det er dette som er litt av problemet med å ha ein Fotograf og ein bloggar som ikkje er ein og same person. Det som er bra er at bildene iallfall har ein viss kvalitet. Så det var kanskje ikkje heilt forgjeves om du slumpa til å ende opp på denne nettsida.

Nå venta du (som leser dette her...) antakelig på at eg skulle avsløra mine innerste tankar om å gå permittert. Men så lett var det ikkje å utlevera seg sjøl. Eg er ein privat person som egentlig ikkje liker at folk veit så mykje om meg. Og så skal eg plutselig bretta ut følelseslivet mitt for heile verda..? (for eg har jo ein heil gubråte med lesarar der ute. Bare i går kan eg sjå at det var heile 14 (fjorten!!) stk som var inne og leste (eller...leste og leste...iallfall var dei innom bloggen).
Men det kommer. Ein annan dag. Eg må bare bli vant med å blogge fyrst. Og skrive litt om korleis eg saknar dette her og korleis eg saknar å lese blogger (for det har eg heller ikkje gjort dei siste åra - fyskammeseg!) Eller - eg treng kanskje ikkje skrive så mange fleire innlegg om akkurat det, kjenner eg på meg. Mulig eg kommer til å skrive ein del innlegg om kva i all verden eg skal blogge om. For det er jo noko ein bør vite. Og sikkert helst burde visst før ein satte seg ned og kringkasta blogginnleggene sine for heile store vide verden.
Menmen - alle kan ikkje gjera ting på rette måten  og rette rekkefølgen heile tida.

Håper alle får ei fin arbeidsuke, så skal eg fortsette å kose meg heime og nave litt. Og kanskje blogge litt meir. Og jobbe litt med å forsøke å komme meg i jobb igjen.
Klem til dåke som har lyst på ein klem (av den virtuelle sorten)

1 kommentar:

  1. Takk for gode ord. Å ja, jeg har det på samme måte. Så mange blogginnlegg i hodet som aldri skrives. Det finnes fortsatt morsomheter blant hverdagens kjedelige gjøremål, men jeg får liksom ikke satt meg ned å formulert noe leseverdig om det. Herlig å lese din tekst igjen, fortsatt full av ironi og sarkasme i klokskapen.

    SvarSlett